Love is in the air!

Ferien er over for denne gong, og nye minner er fylt på i minneboka. Minner er så fine å ta fram på våte høstdagar. Som fjorårets tur til Stockholm. For en småbarnsfamilie er Stockholm nemlig toppen! Aller best er det hvis ein kjenner nokon der. Det gjer heldigvis eg. Verdens vakraste svigerinner bur nemlig i denne byen, og dei kjenner til alle dei krinkelkrokane som er verdt å utforske.StockholmBildet over er frå fjorårets tur til familieparken Mulle Mecks lekpark, der Siver og søte Naz testar flyet til skrotnissen og barneboksfiguren Martin Mekk. Ein liten familiepark litt utanfor Stockholm som attpåtil har fri inngang! Sjølv om eg gjerne hadde betalt ein slump i inngangspengar, syns eg tanken om gratis kulturformidling til barn er så fin! Byen er full av opplevelsar for dei minste, og eg gledar meg til neste gang vi skal dit. Håpar det ikkje blir altfor lenge til…

Pai for late solskinnsdagar

Av og til vil ein berre gjere det enkelt. Etter ein middag frå grillen er det lite som fristar meir enn dessert med friske bær, og denne gongen falt valget på pai. Deiga laga vi etter oppskrift frå Matprat. Med kjøkkenmaskin gikk det kjapt og greit. Ein pakke ferdigkjøpt vaniljekrem og nokre korger med bær og – vips! – så var det servert!

junibær

Spring style

For ein fantastisk vår vi har hatt i år! Fine soldagar på rekke og rad som perler på ei snor! I går kledde vi oss i badetøy alle tre, og rusla bort til stranda. Akkurat det med badetøyet viste seg å vere litt vel optimistisk for min del, men junior fikk iallfall plaska og vassa litt… så får det heller vere at eg ikkje kom lenger enn til å duppe storetåa…

springstyle

Når våren melder sin ankomst, kjem også lysta til å fornye litt både ute og inne. Når symaskina dukkar opp på spisebordet er det eit vårtegn like sikkert som at hestehoven stikker hovudet fram i grøftekantane. I år har det resultert i ikkje mindre enn åtte nye puter til stova.

På utsida av huset spirer det så vakkert i krukkene ved inngangspartiet. Eg satsar sterkt på det veg opp for den brune plenen vår. Den skal nemlig få seg et realt ansiktsløft i år, men det blir som kjent verre før det blir bedre…

Eg har vore forelska i den fine tapeten frå Ferm Living i et par år no, den med dei oransje trea på. Den passar nok ikkje på nokon av veggane våre, men det er jo lov å drøyme iallfall… Putene frå Hay står også ganske høgt oppe på ønskelista. Det same gjeld stort sett heile kolleksjonen, inkludert den fine krakken, frå Svenskt tenn. Kanskje neste vår…?

Smaken av påske

collage uten ramme

Vi kosa oss litt ekstra her om dagen, Siver og eg. Mens regnet tromma på vindauga, bakte vi muffins. Saftige havremuffins med banan og sjokolade. Og så pressa vi appelsiner. Konsentrert sol på glass.

Det smakte påske.

portrett lys blå uten ramme

Om sola uteblir, er det fint å skape varme gleder inne. Rykande ferskt bakverk slår alltid an, og lyser opp en gråværsdag. Prøv gjerne oppskrifta mi du også, den finn du her. Med litt ekstra energi og fiber er desse muffinsane også supre å ha med på tur, dersom sola skulle titte fram.

Ønsker alle ei smaksrik påske!

Det bor en baker…

I dag sto lørdagspizza på menyen! Siver fikk lage sin egen lille porsjonspizza og valgte å legge på bacon og ananas. Ganske mange ananasbitar forsvant på mystisk vis underveis….

pizzabaker

Vi lager sjelden same pizzaen to gonger her i huset, fyllet varierer etter kva vi har i kjøleskapet. I dag bytta vi dessuten ut et par dl av kveitemjølet med havregryn, for ein litt sunnare variant. Og litt ruccola på toppen er alltid godt!

God jul!

Julekort lys versjon

Så var det jul igjen.

Denne tida av året står tradisjonane i høgsetet, og vi er opptatt av å ta vare på minner frå ei svunnen tid. Eg er så heldig å ha hatt to strikkeglade bestemødre, og har derfor mange skattar i skuffer og skap. Det er så kjekt å hente desse fram og videreføre dei til neste generasjon. Den juleraude lusekofta er strikka av mi kjære mormor, og prydar årets julekort.

Ønsker alle ei tradisjonsrik jul!

Pakket og klart!

Kalenderlapp

Okei. Dei fleste gavene er komt i hus. Ei og anna vart pakka sirleg inn i butikken med vakkert papir og silkeband, og får no stå framme til pynt før dei skal overleverast til ein heldig mottakar. Men dei fleste ligg framleis i handleposen. Enten fordi dei ikkje er pakka inn, eller fordi eg har tenkt å pakke dei inn på nytt. Ei gave skal ikkje berre vere fin inni, men helst også på utsida, og det er ikkje alltid at butikkens gavepapir fell heilt i smak…

Denne helga skal det skje, og eg har laga gavelappar som skal brukast. Om du også har gaver som treng merkast, kan du printe ut gavelappane her: Kalenderlapper

Det beste er å bruke matt papir av kraftig kvalitet. Om du printar ut på tynnare papir, kan du lime et stykke kartong på baksida. Eit lite knips med holmaskina, og dei er klare til bruk! Desse kalenderlappane passar uansett om du kjører nostalgisk eller moderne stil, men dei er finast til papir som er ensfarga eller med enkelt mønster. Baksida er blank med god plass til å skrive ei lita helsing.

Winter wonderland

winter wonderland

Det er ikkje mykje som er vakrare enn eit urørt vinterlandskap! Det kviler noko magisk over snøkledde tretoppar og dei sarte blåtonane.

Stillhet. Ro. Barndomsnostalgi.

Med symaskin, kartong og litt tålmodighet kan du også lage din egen vinterskog. Mønster og framgangsmåte finn du her: Vinterskog av kartong.

Skog

Dei små trea pyntar opp overalt, for eksempel på et fint dekka julebord. Lag en skog av fleire tre midt på bordet, eller sett et tre på kvar asjett. Plastdyr frå barnerommet eller leiketøysbutikken får også vere med!

Dette prosjektet var mitt bidrag til boka Eplas Jul i 2011. Eg er så glad i å bruke sarte grøn- og blåtonar til jul, og trea får derfor stå framme også i år.

Små pakkar – store gleder

luke 4

Så var desember her igjen. Denne månaden som kjem like brått på oss kvart år. Her i huset har lillegut på snart tre fått sin aller første adventskalender.

Et lite klistremerke, en rosinpakke… Dei små pakkane blir opna med like stor glede kvar dag. Å følge med på et lite barns forventning og entusiasme gir en ny dimensjon til adventstida.